
Afterwork til sjøs i Sykkylven!
For aller første gong inviterer vi til Flyt-Bar – Afterwork i Sykkylven fredag 1. og laurdag 2.mai, og du er hjarteleg velkomen om bord!
Bli med om bord på MS Bruvik – ein klassisk fjordabåt frå 1949 – og opplev ein stemningsfull baropplevelse på fjorden. Vi kombinerer frisk havluft og ei sosial ramme til sjøs.
Avgang er frå kommunekaia i Sykkylven sentrum. Derifrå går turen på ein vakker fire timers rundtur på fjorden, før vi returnerer tilbake til kai.
Ta med kollegaer, vener eller kjærasten, og nyt ei uformell, sosial og minnerik After Work-oppleving. Perfekt for ein kjekk kveld med noko godt i glaset saman med fine folk.
Pris: 250 kr per pers. Vi tilrår å kjøpe billett på førehand, då talet på plassar er avgrensa.


