Afterwork til sjøs i Volda
250kr for inngong! 2. og 3.oktober
Kl 19-23 (fredag), Kl 18-22 (laurdag)
Afterwork med MS Bruvik. Vi seglar ut på ein sosial og stemningsfull 4-timars rundtur rundt Volda med avgang frå Volda sentrum. Perfekt for deg som vil avslutte arbeidsveka eller starte helga saman med gode kollegaer, vener – og noko godt i glaset.

Start helga med hygge på sjøen!
Bli med om bord på MS Bruvik – ein klassisk fjordabåt frå 1949 – og opplev ei stemningsfull baroppleving på fjorden. Vi kombinerer frisk havluft med ei sosial ramme til sjøs.