Afterwork til sjøs i Ulsteinvik!

Etter ein fantastisk start i vår, inviterer vi igjen til Flyt-Bar – Afterwork til sjøs i Ulsteinvik fredag og laurdag 25. & 26. september, og du er hjarteleg velkomen om bord!

Bli med om bord på MS Bruvik – ein klassisk fjordabåt frå 1949 – og opplev ein stemningsfull baropplevelse på fjorden. Vi tek med oss det beste frå sist og legg til rette for to nye kveldar med god stemning, frisk sjøluft og ei sosial ramme til sjøs.

Avgang er frå kommunekaia i Sjøgata 60 i Ulsteinvik. Derifrå går turen på ein vakker fire timars rundtur på fjorden, før vi returnerer tilbake til Ulsteinvik.

Ta med kollegaer, vener eller kjærasten, og nyt ei uformell, sosial og minnerik afterwork-oppleving. Perfekt for ein kjekk kveld med noko godt i glaset saman med fine folk.

Vi gler oss til å ha deg med på sjøen igjen!

Pris: 250 kr per pers. Vi tilrår å kjøpe billett på førehand, då talet på plassar er avgrensa.